Tribunen til Trott med sete i blått

«Trott-gjengen»  jobba onsdag dugnad med setemontering i nye tribunen. (Foto: tipsar)

Dugnadsånda i landet er ein høgst levande ressurs, vart det sagt i dagsnytt på morgonkvisten torsdag. Eit strålande bevis på at påstanden er korrekt, var å sjå under  taket  på den nye tribunen i Prestegardsskogen onsdag, der 260 sete vart monterte. Dei utøvande er alle engasjerte karar i pensjonsklassen med eit idrettshjarta som slår hardt  for IL Trott.

– Me er heldige slik, som har fått «Trott-gjengen» med på dugnadslaget, seier Egil Haugland, nestleiar i  klubben «nordom bekkjen».  Dei fleste som no stiller arbeidskraft til disposisjon for laget, kan sjå attende på gode år som aktive fotballspelarar i den blå Trott-drakten. Slik sett berre naturleg at det blei blå sete på Trott-tribunen. Under taket skal det også opnast ein kiosk.