Sommaravslutting på kulturskulen

Stor aktivitet i kulturskulen.

Torsdag 13. juni har kulturskuleelevane to avslutningsforestillingar. Dei har hatt prosjektveke og samspel denne veka, som skal enda opp i ein konsert frå storscena i kulturhuset. Det blir eit variert program, og eit høve for elevane å visa kva dei kan. Første konserten er kl. 12, for skular og barnehagar. Alle er velkomne på førestillinga kl. 18.00. Billettar kjøper ein på kulturhuset si nettside eller i kiosken.