Har definert innbyggjarar og kaibruk

KoKaieigedomen på Sørhuglo skiftar eigar. (Foto: Steinar Hystad)

– Kaien på Huglo er seld og det ser ut for å vera greitt. Me har ei problemstilling og det er kommunestyre sin formulering av føresetnaden for sal. Vedtaket var: «Kommunestyret ber om at Tongaskjer på Huglo vert lagd ut for sal, under føresetnad om at ny eigar gjev tilgjenge til innbyggjarar å nytte seg av kaien ved ledig kapasitet» Dette vil ein tinglyse som eit hefte på skøytet. Problemet vil truleg bli uttrykket «innbyggjarar». Var det meint innbyggjarar på Huglo eller i Stord kommune?»

Dette var spørsmålet advokaten ville ha svar på før handelen blir tinglyst. Det fekk han frå eit samrøystes Stord formannskap tysdag:

«Formannskapet presiserer at innbyggjarar i tidlegare vedtak i saka om sal av Tongaskjerskaien, er meint å vera: Innbyggjarar med eigedom/ bustad/ hytte som dei eig eller disponerer på Huglo»