Ser lovande ut

Spennande om alle millionar bringebær får godt mogningsver framover. (Foto: Steinar Hystad)

Langs dei fleste skogs- og andre vegar  me vandrar for tida, står det bringebærbuskar som formeleg blir pressa «i kneståande», av den gode grunn at dei er nedlessa i blom i overgangen til kart. Får me sommar vidare som støttar opp om mogningsprosessen, skulle det blir meir enn nok villbringebær til alle.  Kan mest ikkje hugsa å har sett liknande mengder per busk? Kva smaken på fullmogne bringebær vedkjem, minner me om at det er  frå dei ville bæra ein har henta  smaken me kjenner att når ein raud drops bli lagt på tunga.

Eit lita skår i bærgleda vart sendt på lufta i lokalnytt tre minutt over sju onsdag, då det frå forskarhald vart sagt at den dårlege og våte hausten i fjor, kan vera årsak dersom det ikkje blir så mange blåbær i år – som det kunne sjå ut til under bløminga. Jobbvilkåra for biene vart ikkje særleg gode i alt regnet.

Men me har sjølvsagt lov å vona.