Gyvel – eit problem på kommunal grunn også

På Nordre Grov er det ein større konsentrasjon av gyvel. (Foto: Steinar Hystad)

Statsforvaltaren i Vestland omtalar gyvel som pøbelvekst og oppmodar til å rydda veksten ut av eigen hage. I BT onsdag 5. juni, blir gyvel om talt som eit problem, med sitat frå botanikar som tykkjer det er vondt å sjå kor gyvelen spreier seg. Langs E39 frå Sandvikvåg til Leirvik er det mange konsentrasjonar av gyvel i full, gul, bløming.

Vil Stord kommune vurdera tiltak for å stogga framvekst av den gule «pøbelen» langs vegane våre? Stordront.no har retta spørsmålet til Anne Randi Naurstad, driftsleiar veg, parkering og grønt. Ho skriv i e-post:

«Grønt avdelinga i kommunen fjernar Gyvel viss dei veks på grøntanlegg som dei driftar. Langs veggrøfter har me ingen tiltaksplanar utover å kartlegge. Kommunen viser til Statsforvaltaren i Vestland sin handlingsplan mot framande skadelege artar inkl. ei prioritering- og tiltaksliste.

Her går det m.a. fram: «…Det er korkje mogleg eller hensiktsmessig å setje i gang tiltak mot alle dei framande, skadelege artane som er registrert i fylket. Ei av dei viktigaste oppgåvene for handlingsplanen og for arbeidet til Fylkesmannen er difor å utarbeide ei prioritering og tiltak.

Prioriteringa av artar vi har valt som aktuelle å sette inn tiltak mot, byggjer i hovudsak på risikovurderinga i Artsdatabanken si framandartsliste frå 2018,saman med ei vurdering av regional førekomst av arten og forventa effekt og kostnad ved tiltaka.»

For Gyvel er det i handlingsplanen tilrådd å kartlegge og overvake arten.

– Viss veg- og grøntavdelinga skulle prioritera ressursar på tiltak for å fjerne Gyvel, ville dette gå på bekostning av anna naudsynt drift- og vedlikehaldsarbeid.»