– Oppstart av fontenen i «Rundingen» på kaien før 17. mai, har tidlegare år vist seg å gje ekstraarbeid med rydding og reparasjon, difor har den grøne etat utsett pumpestart til etter nasjonaldagen.
– Når me så skulle få fart på vatnet, svikta pumpa og fagfolk på den elektriske sektoren må koplast på saka. Me er i gang og lovar fontenesprut om litt, seier Ingvild Arnevik i etaten til Stordront.no.