– Ikkje SÅ sjeldan lenger

Lett fortumla etter hardt møte med stoveglaset, men kom heldigvis straks til hektene og fauk vidare. (Foto: Steinar Hystad)

– Det small i stoveglaset og ein skugge fall ned på terrasen. Der stod til all lukke ein stol med mjukt sete, og tok imot ein lett fortumla og fargerik liten fugl.  Medan den besøkande fekk summa seg litevetta, vart han fotografert – men var ikkje interessert i vidare prat eller hjelp. Han heiv seg kvikt på vengene att,  med kurs for næraste tette lauvskog. Dette var vårt første møte med den fargeglade fykaren – som i oppslagsboka står omtalt som stillits (finke) og som sjeldan gjest på Vestlandet.

Fuglekjennar, naturfotograf og forfattar Jan Rabben har sett på biletet og skriv:

– Ja det er stillits. Ikkje så sjeldan lenger, har han med i den siste boka mi. På Bømlo veit eg dei som har 30-40 stk. på foringsplassen om vinteren. Han hekkar nok også, syng som regel i oreskogen før Hovaneset om våren.