Suksess i storteltet

Flott framsyning, med ekta cirkus-finale til slutt. (Foto: Steinar Hystad)

Det blei valfarting til Heiane sør dei fire siste dagane  sist veke, der Spinae Company/Spinae Sunnhordland opna teltdørene til Cirkus Homosapiens. Dei blei utseld (300 billetar) til alle åtte forstillingar. Og her kan me godt leggja til: – At det skulle nesten berre mangla, for dette vart alle tiders  framsyningar med herleg blanding av godt skodespeleri, dansing i særklasse og ny musikk. Kreert av  Magdalena From Delis og Ian Kolstad, og framført av ikkje mindre enn 300 spinae-medlemer i eit langt aldersspenn.

Takk skal de ha alle saman.