Song og musikk – og øs pøs i Parken

Striregn over allsongen i Parken søndag. (Foto: Steinar Hystad)

Oljehyra og godt humør var viktige ingrediensar  for dei som søndag ettermiddag tok imot  venelaget sin invitasjon til allsongstund i Vidsteenparken på toppen av Vikjo.  Omtrent samstundes som Raidar Lunde  ønskte vel møtt, opna  dei kranane  «ovanpå» og sende regn i strie straumar over arrangementet den gode timen det varte.  Men væta klarde ikkje dempa song- eller musikklysta, verken på  benkeplass eller under tribunetaket.  Forsongar og programleiar Øystein Olsen drog i gang med «Syng, syng syng og vær glad» og «Du skal få sukkertøy».

Stord Demenskor hadde sin konsertdebut denne søndagen, med fire innslag, gode røyster og songlede som fekk regnet til å yra for ei lita stund. Berre å gleda seg til å høyra meir frå den kanten. Tydeleg at det var sant som dirigenten sa: – Me øver ein gong i veka og har det skikkeleg kjekt.   

Endre Olsen fekk dei etter kvart søkkvåte allsongarane med på «Grevling i taket», og Klangboltane serverte frå  Vømmøl-konserten dei skal ha i Revyteltet komande fredag og laurdag.  Til å gleda seg til, der også.

Tribuneorkesteret sytte for godt tonefølgje, rutinerte  musikantane som kan sine ting: Kjell Aasheim, Lorentz Kannelønning og Svein Losnegård.

Me seier det igjen: Slike samlingar i Parken er alle tiders. Så neste år satsar me på sol over allsongen.