Palleløpet samla mange hundre

I rasande fart på gyngande pallar, til stor applaus frå talrikt publikum. (Foto: Steinar Hystad)

God start og god fart, var det viktigaste for å nå over indre del av gjestehamna i Evjo på gyngande pallar. Dei få, av kring 30 startande, som kom seg til mål, beherska på imponerande vis kunsten å (nesten) gå på vatnet.

Nokre kom halvvegs, medan ordføraren og kollegaer frå kommunestyret fekk balansevanskar på sviktande underlag etter få palletrakk. Men god underhaldning var det, som samla mange hundre  langs bryggekanten.

Det er å rekna med palleløpet er på programmet også neste «Folk i sentrum».

Det skjedde mykje på Vikjo denne laurdagen.

POP-UP-SUKSESS FOR HLV: Det blei eit yrande liv i tidlegare Leirvik Manufaktur sine lokale i Borggata der Høgskulen på Vestlandet flytta inn laurdag for å visa breidda av utdanningstilboda på Campus Rommetveit. Særs populær mellom besøkande born, var sjukepleiarane si avdeling for behandling av skadde bamsar… (Foto: Steinar Hystad)
KOPS-SHOW: Sagvåg Musikklag var tilskipar av korpsfest og mellom deltakarane var Haugesund Ungdomskorps som mottok stor applaus frå eit velnøgd publikum for gateshowet med innlagde dansesteg. Dagen baud på tevling i Kulturhuset og konsert i teltet på Torget. (Foto: Steinar Hystad)
AVDUKA NY «VEGG»: Ei fin høgtids-stund på Maritimt Museum laurdag, då industrisoga som pryda eine langveggen vart supplert med utviklinga til Leirvik AS (Sveis`n for dei som har lev ei stund). Museet får mange godord for arbeidet som er gjort. (Foto: Steinar Hystad)
STANDS OG MARKNAD: Heldigvis letta det litt i veret utover føremiddagen, og det vart høva til å både halda og prata på Torget, som fekk vist seg som den greier møteplassen Torget er og skal vera. (Foto: Steinar Hystad)