Va da travlare då, eller…?.

Sist fredag svinga me innom dette med tid og meinte på at vekene gjekk fortare og fortare, og nemnde i den samanhengane på han som sa at  veka var som eit vips: Måndagen va kje før gått, så va da fredag. Ein annan vekeversjon går  slik: – At dagane går fort e jaffall heilt sikkert, i dag e da måndag og dagen itte overimåro e da allerede torsdag, sa pessimisten.

Med framleis 24 timar i døgeret har me jo ei viss tid på oss til å få gjort ein del gjeremål. Annleis for 600 millionar år sidan, melder eit vekeblad,  for då hadde døgeret berre 21 timar. Grunnen skal vera at jorda snurar 1,8 sekundar saktare for kvart 100 år som går.

God helg.

Nokre gode ordtak å lena seg på, kjem er:
Lytta og læra er ungdomen si æra
Lukke – med måte er best
Lukke utan helse – kan ein godt vera for utan
Lukka eig den enkelte – sommaren tilhøyrer alle
Lukka let seg ikkje fangar – den må ein få

Nokre ord som var på veg ut av det daglege stordamålet alt for 50 år sidan:
Kov = snue, snått
Krethus = lita dreia eske til å ha smykke i
Kræla = aula, grava, røra eller lea på seg
Kråna = kråna med seg, friskna til
Kyngjen = om mat som er vanskeleg eller sein å svelja