– Ut på tur, ha ei ekstra skjeva på lur

Andemor med sine seks born på tur. (Foto: Steinar Hystad)

Det rører seg på rørande vis i naturen for tida. Ruslande langs Frugardselva, like nedom Sævhælen, byrja det røra på seg i gras og lauv i vasskanten og så kjem eit lite andenebb fram frå det grøne. Så følgjer eitt nebb til, og eitt til og så tre til – seks andungar står brått i vegkanten. Så kjem mor sjølv og sjekkar at banen er klar og gjev grøn lys for at borna kan helsa på folket. Flokken stoppar nett framom skotuppane våre og slepp frå seg forsiktige kvekk, som om dei spør om det skulle finnast eit kvart godt å bita i lommene våre.  –  Diverre, skjevo var ikkje med på denne turen.  


Det gilde møtet ved Frugardselva gav ide til nytt turmotto på denne årstida: «Ut på tur, ha ei ekstra skjeva på lur.»