– Innbyggjarar på Huglo eller i Stord kommune?

Kaieigedomen vart selt frå Stord hamnestell til ei privat gruppering for 675.000 kroner. (Foto: Steinar Hystad)

Formannskapet har fått eit litt spesiell ekstrasak til behandling på møtet komande tysdag. Det gjeld budsjettvedtaket som ligg til grunn for salet av  den kommunale Tongaskjerskaien på Sørhuglo. I brev til formannskapet heiter det:

«Kaien på Huglo er seld og det ser ut for å vera greitt. Me har ei problemstilling og det er kommunestyre sin formulering av føresetnaden for sal. Vedtaket var: «Kommunestyret ber om at Tongaskjer på Huglo vert lagd ut for sal, under føresetnad om at ny eigar gjev tilgjenge til innbyggjarar å nytte seg av kaien ved ledig kapasitet» Dette vil ein tinglyse som eit hefte på skøytet. Problemet vil truleg bli uttrykket «innbyggjarar». Var det meint innbyggjarar på Huglo eller i Stord kommune?»

Advokaten peikar på at Kartverket kan kome til å nekte tinglysing om det ikkje er klårt nok.

–  Eit alternativ er å prøve og sjå. Eit anna alternativ er at det vert definert av kommunen. Eg vil tru ein tenkte på innbyggjarane på Huglo, men det er ikkje opp til meg. Ein bed om ei melding attende frå formannskapet, skriv advokaten.