Klart for Spinae-cirkus på Heiane

Klart for Cirkus Hompsapiens i sirkusteltet på Heiane komande helg. (Foto: Steinar Hystad)

Torsdag er det klart for Spinae Company og Spinae Sunnhordland si storsatsing Cirkus Homospaiens. Og det i eit ekete sirkustelt som er satt opp på Heiane.

Førestillinga tek utgangspunkt i menneskets egoisme og passivitet. Du får møta eit trøyttsirkus som består av menneske som ikkje orkar å visa fram noko som helst dersom det ikkje vert gjort på deira eigne premiss. Klovnane sit på mobilen og linjedansarane kranglar om kven som skal stå fremst. Det oppstår ein konflikt mellom dei ulike gruppene innanfor sirkuset.

Samstundes truar ordføraren i distriktet, som eig jordstykket sirkusteltet står på, om å leggja ned sirkuset. Sirkusdirektøren slit seg i håret og veit ikkje korleis han skal redda sirkuset. Då kjem eit par mus, som har følgt sirkuset, til unnsetning. Kanskje kan dyra redda sirkuset på magisk vis? Kanskje kan dyra hjelpa menneska til å finna tilbake til sin natur? Hjelpa dei til å finna fram til ein stad der leiken og latteren lagar eit heidundrande show. Eit show som berre kan bli til dersom ein hjelper kvarande mot same mål og trassar skilnadane mellom oss. Kan me finne fram til latteren vår igjen?

Premierekvelden torsdag og fredagsframsyninga er utseld, men det er sett opp tre framsyningar (kl. 12, 15 og 18) både laurdag og sundag. Det er med andre ord gode moglegheiter for å få med seg dette sirkuset!

Klikk her for du kjøpe billettar!