– Vil du ha den originale livbåten til ferjo di?

Noverande «Sagvåg», var bilferja «Fjærlandsfjord» og trafikkerte i Nordfjord då ho kom til landet med trelivbåten på dekk.  Tidlegare i veka møttest dei to igjen på/ved Skotabergkaien. (Foto: Steinar Hystad)

Ho har ei ganske så lang og spesiell soge å fortelja, bustad-ferja «Sagvåg» som no har fått fast liggjeplass i Leirvik hamn. Bygt i Tyskland som tankbåt, ombygt til bilferje og trafikkerte strekningar i Nordfjord og Sognefjord før ho vart rein passasjerferje og fekk jobb i «oljo». I 2003 overtok stordabuen Tone Bergsvåg fartyet og innreidde det til bustad, med Bergen som adresse i mange år, før manøvrering til heimelege trakter.

Søkjeprosessen for kaiplass og det å bu på sjøen, har tidvis vore så omfattande at det vart sak i Vestlandsrevyen. Innslaget vart sett av ein mann i Sunnfjord, som for 60 år sidan hadde far som var kaptein på M/F «Fjærlandsfjord», som ferja heitte den gong. Han ringde straks etter TV-sendinga til Tone Bergsvåg, og spurde om ho kunne vera interessert i den originale, tyskbygde, livbåten som følgde med då Fylkesbaatane  kjøpte ferja. Livbåten hadde faren fått i samband med skifte av redningsmateriell om bord og sett han i naustet.

Det kom ei jublande ja-takk frå salongdekket om bord i «Sagvåg», skyss vart ordna og tidlegare denne veka møttest dei to farkostane på og ved Skotabergkaien.

– Håpet er å få livbåten på plass på dekk ein stad, men først må det til ei viss oppussing etter at fagfolk har fått sett på den gjeve gåva, seier Tone Bergsvåg til Stordront.no. – Førebels vert han stånde på lager.

Ingen tvil om kvar den originale livbåten har høyrt til. (Foto: Steinar Hystad)