– Oftast måltrast-egg å finna slik

– Måltrastegg tippar fuglekjennar Jan Rabben. (Foto: Steinar Hystad)

To knuste egg ligg i vegkanten. Ved det det eine ligg også nokre små fjør. Kva kan ha skjedd og kva for fuglar er råka av røveri frå reiret? Bilete og spørsmål om oppklaring, blir sende naturfotograf og fuglekjennar Jan Rabben.

– Vondt å vera heilt sikker, ut frå fotoet. Ein kandidat er svartkvit flugesnappar, men han hekkar i fuglekassar eller andre hol og blir sjeldan røva slik at egga hamnar utanfor reiret. Egga er små, har ei lengd på 17,9 mm.

Ein annan kandidat er måltrast. Han legg reiret nokså ope og blir ofte røva, t.d. av kråke. Så byggjer han nytt reir og legg egg på nytt – og blir gjerne røva igjen. Dei andre trastane har det på same måte. Derfor er det ofte restar av trasteegg ein finn på denne måten. Vanlegvis er det nokre flekker og prikkar på måltrastegga, men dette varierer ein heil del. Fargen stemmer i alle fall. Måltrast er uansett det beste tipset mitt. Lengd: 27,4 mm.

– Staren har òg blåturkise egg, så eg vil ikkje heilt utelukke han heller, skriv Rabben i e-posten til Stordront.no.