Stord IL ser med uro på vedtekne skuleplanar

Slik ser Stord IL for seg vidareutviklinga av Vikahaugane Idrettspark (Illustrasjon henta frå arealanalyse)

– Stord IL ser med stor uro på vedtaket som vart fatta i OKU 21.05.24 og framlegget til koalisjonen til kommunestyret 30.05.24 om å leggje ned Leirvik og Langeland skule for å byggje ein ny storskule med tilhøyrande fleirbrukshall. Vidare er det ei stor uro for kva konsekvensar det vil få for idretten på Stord om ein vel å bruke pengane som er sett av til erstatning av dagens Rackethall på ein ny fleirbrukshall ein annan stad enn på Vikahaugane. Spør også om Stord Idrettsråd er teke med i drøftinga om ny fleirbrukshall på ein anna sted enn på Vikahaugane ?

Dagen før «den store skulesaka 2024» skulle til behandling i kommunestyret, der framlegget vart vedtek med 18 mot 17 røyster, signerte hovudsturet i Stord Idrettslag uttale kring endringar det nye vedtaket fører med seg på Vikahaugane.

–  Stord IL har laga ein arealanalyse som kommunestyret tidlegare har slutta seg til som ein visjon for vidare utvikling av sentralidrettsanlegget  Eit anlegg som er ein av dei viktigaste samlingsstadane på Stord. Politikarane har også gitt kommunedirektøren føringar om prosjektering mot ny dobbelthall på Vikahaugane. Det har vore sett ned ei arbeidsgruppe med dette som mål. Tanken om å bygga ein stor barneskule kolliderer med den utarbeida arealplanen, utabeida av Stord IL, for å utvida idrettsanlegget på Vikahaugane. Inneidrettane treng meir tid på ettermiddag- og kveldstid for å leggje til rette for den aktiviteten det er behov for. Stord handball er klar på at dei ønskjer meir areal på Vikahaugane og ikkje ein ny lokalitet. Dette handlar om synergieffektane det gjev å samla meir av aktiviteten på ein stad. Anlegget vil i enno større grad verta ein møtestad for barn, unge og vaksne på fritida enn det er i dag. Ein møtestad der fleire kan treffast samstundes på ettermiddagane, der det er lettare å lage gode treningsmiljø, leggje til rette for ulike ekstratilbod, og der ein kan ha utstyr og trenarressursar meir samla. Det vil enkelt sagt vere enklare å gjennomføre aktiviteten ein ønskjer å tilby. Vestland Fylkeskommune ønsker å leige meir halltid på dagtid, og for å dekke deira behov, som er aukande, er vel ikkje ei nedskalering av Vikahaugane det rette å gjera.

Kart over Vikahaugane Idrettspark. (Illustarsjon henta frå arealanalyse)

– Me ynskjer å leggja til ein pasus i utgreiinga om bygging av evt ny stor barneskule, om at det vert teke omsyn til vedtaket som allereie ligg inne vedrørande arealplanen av og utvidinga av Vikahaugane. Me viser til arealanalysen rundt utviklinga av Vikahaugane og det vedtaket som allereie er gjort rundt dette i kommunestyret. Me tenker at forslaget om å setja opp ein ny dobbelthall, samstundes som det skal utgreiast ei bygging av ny barneskule – og at dei pengane som var tenkt til dette då går inn skuleprosjektet. Dette samsvarer ikkje med det vedtaket som er gjort rundt arealplanen på Vikahaugane. For arrangement som til dømes Handballfestivalen vil dette forslaget påvirke mykje i forhold til både overnattingsplass og speleflate.

– Me i Stord IL, meiner at med dette forslaget vil det føra til at ein bygger ned Vikahaugane Idrettspark. Med ein slik tankegong og forslag slår dette negativt ut for Vikahaugane idrettspark. Me opplever at ein då ikkje tenker fram i tid for dei neste generasjonane, skriv styret i Stord Idrettslag..