Ordføraren påmeldt Palleløpet – klart for «Folk i sentrum»

Pallane er klare, og skal snart strekkast over gjestehamna, frå Evjo til Notahaugsbryggjo. Spennande om dette blir eit vått løp? Det får me svar på laurdag. (Foto: Steinar Hystad)

Frå onsdag ettermiddag til etter middag søndag, skal det koka litt ekstra i og kring Leirvik. I år som i fjor og året før, blir det mangt

å velja mellom for dei som blir med på «Folk i sentrum». Her er nokre av programpostane.

Onsdag 5. juni kl.17-19.30 på Ås-banen:
Gatefotballcup der Frelsesarmeen sine gatelag møter politikarar, helsepersonell, politi og industriarbeidarar

Torsdag 6. juni kl. 11.30 – 12.30:
Opning v/ordførar i teltet på torget med lansering av nytt slagord for Stord

Torsdag 6. juni kl. 18.00-20.00:
Forum i teltet – Smart mat med Julie frå Urt og Ugras. Berekraftig matlaging, kvardagsøkonomi m.m. I tillegg til Julie kjem Sparebanken Vest, Mattilsynet, Lønning Lutlandbruk og Spar Ådland med tips.

Fredag 7. juni kl.17.00:
Bjørnis på torget. Fagforbundet spanderer pølse og brus.

Laurdag 8. juni kl.11-15:
Marknadsdag i Leirvik sentrum (torget, hamna, petanque-banen). Kl.13.00 palleløp i gjestehamna, ordføraren er påmeldt.

Søndag 9. juni kl.11:
Gudsteneste på osvald pub.

Søndag 9. juli kl.12:
Båttur frå moloen til Leirvik fyrstasjon. Open dag på fyret

Søndag 9. juli kl. 12.30:
Byvandring med Bjørn Arve Lunde. Oppmøte Borggarden.