Ja til meir skjelsand i stranda

I denne stranda kan det no fyllast på meir skjelsand. (Foto: Steinar Hystad)

Stranda og grøntanlegget ved Storavatnet på Litlabø, er mykje brukt til både bading og sjøsetting av kanoar og kajakkar for dei som gjer seg nytte av padleeldoradoet i vatnet. No stundar det til ny Friluftsfestival på området, med «Liv og Lyst» som tilskipar. I den samanhengen er det søkt om løyve til påfyll av skjelsand i stranda. Søknaden er sendt til den kommunale eining for regulering, bygg og oppmåling, som har gitt positivt svar:

–  Skjelsandstranda vart truleg etablert tilbake i om lag 2013-2015 og det har jamleg vore tilført nye masser i stranda. Området er regulert til friområde/park i reguleringsplan, vedtatt 1986. Me viser difor til vårt svar i fjor, jamfør brev av 13.06.23 der me etter ei samla vurdering fann at påfylling av skjelsand 4-5 tonn er unnateke søknadsplikt etter plan og bygningslova sidan tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan.

Det er ikkje funne registreringar av sårbart artsmangfald, utvalde marine naturtypar, eller fiskeriinteresser i nærleiken av tiltaksområdet som kan bli negativt påverka av denne utfyllinga, påpeikar RBO.