Fare for overgrodd i sommar?

Det veks godt og fort – snart er  staslege gråsteinsmuren grøn. (Foto: Steinar Hystad)

Ein god del færre kroner i kommunekassen ved utgangen av første tertial (30. april) enn ønskjeleg, kan mellom mangt slå ut i at det blir høgare gras rundt oss enn ønskjeleg. Tertialrapporten kommunedirektøren legg fram for formannskapet denne månaden, er ikkje veldig lystelig lesnad. Skal kommunen vår klara pålagde oppgåver – særleg innan området rehabilitering, helse og omsorg og skule, må andre  gjeremål vika prioritet.  Nokre område har alt skore ned på verksemda i tråd med politiske signal i budsjettet – andre må finna tiltak etter kvart. Som kyrkjedrifta.

I forslag til revidert budsjett  før sommaren, etterspurde  kyrkjeleg fellesråd, som no tærer på reservane – eit ekstratilskot på 150.000 kroner slik at ungdom også denne ferien kan engasjerast til å klyppa gras og stella gravplassane  ved Nysæter kyrkje og Stord kyrkje.  Den summen finn ikkje  kommunedirektøren rom for i forslaget til revidering av pengebruken.