Kvotefri hjortekalv-jakt i Fitjar

Beitande hjort gjer stort innhogg i grasavingane i Fitjar(Foto: Steinar Hystad)

Viltnemnda i Fitjar har fått ja-svar frå Miljødirektoratet på søknaden om  kvotefri jakt på hjortekalv denne hausten. Bakgrunnen for søknaden er den store skaden  store hjortestammer gjera på grasavlingane i landbruket.

– Eit stort uttak av kalv under jakta vil ikkje ha særleg innverknad på kjønnssamansetting etter jakt. Dersom mykje kalv blir tatt ut framfor eldre dyr, kan dette bidra til ein høgare gjennomsnittsalder, noko som ofte er rekna som  fordelaktig i bestandssamanheng.  Vi legg likevel til at ein i situasjon der målet er bestandsreduksjon, må kalveuttaket koma som eit tillegg til den målretta avskyting av alderskategoriar som skal bidra til bestadsreduksjon, skriv Miljødirektoratet m.a i svaret til Fitjarjegrane.