Smekkfullt ferjedekk til Huglo

Huglo-køen vart ekstra lang denne søndagen. (Foto: Steinar Hystad)

Ei av dei fem-seks ventefilene for bilar i Jektavik er reservert  dei som har Huglo som ilandskøyringshamn. Dei andre filene  tek seg av biltrafikken til Hodnanes og Tysnes. For dei som jamt bruka Nuen-sambandet er det oftast greitt med plass i den ein Huglo-fila. Såleis var det eit  nytt syn å køyra i land i Jektavik søndag føremiddag og sjå Huglo-kø som stekte seg opp til E39 og eit godt stykkje opp mot nedste tunnelen.

– Det blei ei ny erfaring for oss også, seier den styrande i syrehuset på ferja «Julsund».

– Eit smekkfullt ferjedekk på overfarten til Huglo, rundt 60 bilar.

Målet for søndagsutflukta  var for dei aller fleste – eit møte med  mangfaldet av dyr og fuglar og tilboda elles på Myvold Gard, der det var «Open dag».