Mykje fint elevarbeid å sjå

Torill Berger underviser i kunstklassane ved Stord Kulturskule. (Foto: Steinar Hystad)

Tysdag ettermiddag klokka17:00 blir det høgtidleg opning av årets utstilling av elevarbeid frå kunstklassane i Stord Kulturskule.

Utstillinga heng  i vestibylen i Kulturhuset to veker framover.

-Dette semesteret har elevar frå 11 til 18 år  arbeidd med linotrykk og akvarell teknikkar. Tema har vore hus og portrett. Og eg må få seia at flinke elevar har laga flotte bilete. Så berre kom og sjå, seier lærar Torill  Berger.