Ny sjukeheim klar først i 2027 – som privat prosjekt?

Tenkt tomteland for ny sjukeheim (Foto: Steinar Hystad)

I møtet for Utval for rehabilitering, helse og omsorg denne veka, stilte representanten Ulvar Akselsen (Ap) grunngjevne spørsmål kring ferdigstilling av den nye sjukeheimen som skal byggjast i Knutsaåsen:

– Det kjem fram i rapport frå forprosjekt «Ny sjukeheim Knutsaåsen» frå februar at det kan bli vanskeleg å ferdigstille prosjektet innan 2026 slik det politiske vedtaket føreset. Me i Arbeidarpartiet er bekymra for kva konsekvensar det kan få at prosjektet ikkje vert ferdig innanfor den tidsramma ein har set. Det er eit stort behov for fleire institusjonsplassar i kommunen, og det at ein ikkje får ferdig dei 64 nye sjukeheimsplassane som planlagt, vil både kunne auke terskelen for å få sjukeheimsplass og gi ytterlegare press på heimetenestene og dei lågare trinna i omsorgstrappa. Ei slik auke i press for ei allereie pressa arbeidsstyrke, kan få negative konsekvensar t.d. For sjukefråver som ein må vera merksam på. Me går ei tid i møte der det kjem til å bli fleire eldre og fleire med hjelpebehov. Me er avhengige av å kunne tilby innbyggjarane våre verdige og gode institusjonsplassar. For oss i Arbeidarpartiet er bygginga av ny sjukeheim det viktigaste prosjektet denne perioden, og me er opptekne av at ein gjer alt ein kan for å nå ferdigstilling innan 2026.

Spørsmål til ordførar:

1. Er det noko me politisk kan gjera for å sikra at nye sjukeheimsplassar vert ferdig til planlagt tid i 2026?

2. Gitt den forventa demografiske utviklinga i kommunen dei kommande åra, korleis vil utsetting av nye sjukeheimsplassar påverke kommunen si evne til å ivareta innbyggjarane våre?

3. Vil det bli lagt ein plan for korleis me kan ruste opp dei andre omsorgseiningane våre til å halde ut eit ekstra år med manglande sjukeheimsdekning?

4. Koalisjonen har i sin plattform at ein også skal byggja sjukeheim i Sagvåg i denne fireårsperioden. Står det ved lag? Og kva vil det ha å seia for framdrifta på Knutsaåsen og dei økonomiske føresetnadene våre for å levera best mogleg tenester til stadig fleire i åra som kjem?

(Les svara til ordføraren under biletet)

Ulvar Akselsen (Ap) (Foto: Steinar Hystad)

Her er svara frå ordførar:

1. Bestillinga frå politisk hald er teke til vitande med ferdigstilling 2026, men framdriftsplan slik den framstår så langt i prosessen syner at dette er vanskeleg. Spesielt detaljreguleringsplanen som snart skal ut til høyring er krevjande, og har stor usikkerheit i forhold til tid med grunneigarar og elles innspel som kjem. Eventuell politisk aksept for å utføra rekkefølgekrav med fortau etter at ny sjukeheim står ferdig, kan bidra positivt med ferdigstilling av ny sjukeheim. Det er viktig med politisk aksept i prosessen, men diverre vanskeleg i denne fasen å sjå at det i seg sjølv kan vera avgjerande for å konkludera med ferdigstilling i 2026. Det er elles viktig i prosessen politisk å løyva midlar til grunnerverv, og elles vidare arbeid i forstudiefasen opp mot dei krav spesielt Husbanken stiller for å få investeringstilskot.

2. Ny sjukeheim er ikkje utsett, men som det framgår av prosjektrapport, så er framdriftsplanen justert med bakgrunn i ulike risikofaktorar som kan påverka framdrifta. Slik det ser ut akkurat no, så kan ny sjukeheim vera ferdig hausten 2027. Ein gjer merksam på at prosjektet er i ein tidleg fase og at dette kan endra seg. I kommunedelplan for RHO har ein lagt til grunn at ny sjukeheim skal stå ferdig i 2026, det er også den politiske bestillinga. Ny sjukeheim med 64 plassar gjev ei lågare dekning enn i dag justert for demografi. Demografiske endringar medfører uansett at me må endra måten å gje tenester på, dette kan også gjelda forventningar til nivå og kvalitet på tenestene. Om ny sjukeheim vert ytterlegare forseinka, så er det naudsynt med avbøtande tiltak.

3. Uavhengig av kva tid ny sjukeheim vert ferdig, så må kommunen endra seg med tanke på korleis me skal yta forsvarlege tenester i ei tid med demografiske endringar. Kommunedelplanen legg opp til at folk skal bu lenger heime, me skal satsa meir på førebyggjing og tidleg innsats. Om noko vert rusta opp så må andre bli rusta ned, det krev politiske prioriteringar og val.

4. Ordførar arbeider kvar dag med å innfri det me er einig om i den politiske plattforma. I budsjettprosessen for 2024 vart alle klar over situasjonen kommunen står i økonomisk. Det hastar med å gjera tiltak for å betra den. Derfor må alle politikarar gjera sine vurderingar på kva kvar enkelt kan være med på for å betra situasjonen på kort og lang sikt. Som ordførar har eg også sjølvsagt gjort det. Ordførar er einig i problembeskrivinga representanten beskriv, derfor må me sjå mange ting på nytt. Kva gjer me med prosjektet i Knutsaåsen? kva med sjukeheim i Sagvåg? Skal kommunen bygge ut eller skal me be om pris for at andre tar utbygginga/ drifta? Som ordførar er eg villig til å vurdere alle desse spørsmåla og håper fleire er det. Demografiutfordringa gjer at me må tenkja nytt for å møta dei utfordringane me står overfor.

Sigbjørn Framnes. (Foto: Stord FrP)