Ser  du feilen/feilane?

Skiltet peikar mot motsett køyrebane av der ein SKAL køyra. (Foto: Tipsar)

I røynda ser du to feil på dette biletet frå den sterkt trafikkerte kryss- og rundkøyringsløysinga på Heiane. For det første er det imot all sunn fornuft å tagga på skilt som viser kvar trafikken skal gå. For det andre er det mot alt regelverk å snu på skilt som med kvit pil på blå bakgrunn (påbod) viser kvar ein SKAL køyra. Det er dei som kjem køyrande sørfrå på E39 og svingar av til Heiane og Skjersholmane, som no blir møtt av feilinformasjonen, melder tipsar til  Stordront.

Tidlegare var vegen frå runkøyringa (biletet) og ned til ferjekaien på Skjersholmane ein arm av E39, i nyare kart er strekningen skilta som fylkesveg 544. Same vegnummer finn med att frå rundkøyringa i Ishussvingen (Vabakkjen) og vidare gjennom Leirvik til møte med E39 øvst i Sæ.