Blei kjende med Langelandsgarden

Marit Hjartåker fortel om Langlandsgarden til dei mange som møtte til rusletur.

Marit og Andreas Hjartåker tok imot eit bortimot hundretals gjester i det vakre tunet på Langeland tysdag kveld. Då inviterte Stord Sogelag til andre historiske rusleturen no i mai.

Her fekk ein mellom anna sjå kvar det første skulehuset på Stord stod (1863), som framleis står på Hatland. I det ruvande våningshuset  på garden finn me ei ombygd røykstove og eit klenodium av ein «innedo» skjult i ein kommode.

Dei titals bygga på tunet er svært velhaldne og tidlegare eigarar har sett djupe spor etter seg. Slik står  det på Langeland per i dag flotte kulturminne.

«Innedo’en» skjult i kommodoen…