Turnhallminne: « I kinokø med stikkelsbær»

Turnhallen i 2024 (Foto: Steinar Hystad)

Turnhallen er på veg ut av bybiletet på Vikjo, og gode minner frå tidene då  huset var vårt fantastiske  idretts- og kulturhus renn på. Frå boka «VIKJO – mimring om Leirvik på 60-talet», repeterer med kapittelet «I kinokø med stikkelsbær»:

Lengda på Turnhallen er det avgjerande bevis på at vår elles ganske lukkeleg oppvekst på Vikjo også hadde eit hardtpressande alvor over seg. Særleg når ein hadde passert 12 år. Og særleg  fredag og søndag. Når ein endeleg  nådde 16, var det ofte press også om onsdagen.

Stord kommunale kino hadde framsyning i Turnhallen nemnde kveldar kvar veke. Onsdag berre for  vaksne,  medan det fredag og søndag veldig ofte vart køyrt to filmar; ein for dei små og mellomstore først. Frammøtet var som oftast godt. I luka hos Oscar Fadnes bytte med kroner  i billett, som me etterpå leverte til Gerhard Haugland i døra. Tre steg inne i salen kjøpte me sjokolade og FK-drops hos

Gunnar Bjørk som hadde freia-jakke på seg og ei svær korg  med godtegreier  hengande rundt halsen. Sidan golvet i Turnhallen er paddeflatt var det kamp om dei beste plassane. Det var om å gjera å sleppa å strekkja hals heile kvelden for å få med det som skjedde på lerretet. Difor vart det stormløp mot dei tre første radene. Nådde ein ikkje dei, var benkene på sidene under  ribbeveggene og attmed radiatorane eit godt alternativ – eller heilt bak ved veggen.

Stolane var på ein måte fritt vilt og hadde ikkje nummer (men kjende ein under setet var turnhallstolane godt utstyrte med uttoggen tyggegummi). Det unummererte systemet vart ofte utnytta ved at venegjengen sende ein person først i køen, og så skulle han vippa seta opp og halda opptatt for dei andre. Småkjekling var ikkje til å unngå.

Den største påkjenninga med å gå på populære filmar i Turnhallen hadde me om hausten. Dette var den gongen stikkelsbærbuskar var obligatoriske i alle hagar og når bæra var  høveleg mogne syntes me dei var det beste smågodtet som fanst i heile Europa. Hos  Andersen sine inne i Muren var det så mange tre at me faktisk hadde lov å forsyna oss. I mangel av pose var lommene eit godt alternativ. Me fylte det me kunne med gule stikkelsbær med hår på og nokre raude litt større. Så gjekk me på den kommunale kinoen.

Komne til Sagenes-butikken såg me i enden på dei som stod i enden av ein laaaang kø. Det var berre å stilla seg bakerst og bak oss igjen kom endå fleire, men me klarte på eit vis halda fråstand til dei framfor, slik at bæra og det blaute innhaldet heldt seg i sitt gode  skinn.  Me såg fram til ei hyggjeleg stund i Turnhallen under mottoet: «Film og stikkelsbær er best på kino»

Det spesielle med inngangen til kinolokalet vårt då, var at publikum måtte opp ei trapp før dei gjekk inn ei dør  – som gjekk ut. Dei første i køen stod klin i døra på første trappeavsatsen og det var her ein måtte vera særs observant. For; – når Frank Horndal opna dørene mot folkemengda presis ein halv time før framvisaren byrja rulla, måtte heile køen ta tre steg bakover.  Gjekk du ikkje då i takt med han framfor, eller dei bak, blei det rørte stikkelsbær utan sukker og fløyte i lommene. Var du uheldig var det berre å  leggja godstoffet frå seg utfor dørane.  Så fekk ein heller bruka  heimturen til å pønska ut ei passeleg brukbar forklaring på klisseriet og det hendelege uhellet til  mammo – som igjen  måtte til med buksevask.

Søndag var også fast kinodag i Samfunnshuset på Litlabø. For den som  ville få med det som skjedde der, gjekk  korresponderande buss til og frå Vikjo via Sagvåg.

Kinorutebilen gjekk utan noko som helst form for atterhald. Ikkje som med rutebussen som søndagar om vinteren frakta folk og ski frå stoppestaden ved Langeland Ettf  i Borggata  til Fjellstova klokka ni tretti med retur fjorten tretti. Den bussen kunngjorde alltid avgangen med atterhald om godt ver.