Sandsekken som hadde jobb å gjera

Holet i  ventefortauet  var lenge skjult av ein sekk med strøsand. (Foto: Steinar Hystad)

Han vart liggjande lenge etter at snø og is måtte vika for vår med sommarvarme, sekken med strøsand på fortauet ved bussterminalen på kaien. Det skulle visa seg at det hadde sekken gode grunnar til.

Når han endeleg vart fjerna, kom beviset på at sekken hadde vore «på jobb» fram i dagen. Dette, i form av eit rimeleg djupt hol i asfalten, i storleik litt vidare enn ein ølboks (funnen i holrommet).

Så då er det for eigande instans å finna høvande tettingsmateriell, så godtfolk på reise ikkje skadar seg.