Desse vegane får asfaltpåfyll i år

Ny asfalt lagt på deler av Fjellgardsvegen (Foto: Steinar Hystad)

Måndag var det lagt ny og etterlengta  asfalt på del av Fjellgardsvegen, frå ferista på Haugland og ned mot Slåtteløkjen. I den samanheng har Stordront.no  spurt kva andre vegar som står på det kommunale asfaltprogrammet.  Driftsleiar for  veg, parkering og grønt, Anne Randi Naurstad, har sendt oss denne lista:

På asfaltplanen i vår står følgjande strekningar:
– Utslettevegen (rest som gjenstår frå i fjor)
– Fjellgardsvegen (del av)
– Sveene (del av)
– Eikevegen(del av)
– Rusti(del av)
– Stølen (del av)
– Ringvegen (del av)
– Heiane (del av)
– Nye Vågavegen (del av)
– Kåraviksmarkjo (del av)
– Hjortåsen, reparere etter vass- og avløpsarbeid
– Vabakkjen (del av)
– Ymse reparasjon etter vass- og avløpsarbeid