Trong for rydding kring  Kongsbrønnen

Biletet som følgjer melding til Fitjar til kommunen, seier sitt om tilstanden kring Kongsbrønnen.

Kongsbrønnen (også omtalt som Håkonarbrønnen) på Fitjargarden er eitt av innslaga  i Kulturminneløypa  gjennom tettstaden.  I år er  brønnen blitt eit særs populært turmål i samband med stolpejakta. Men tilstaden for kulturminnet er ikkje det beste for tida, går det fram av ei skriftleg melding til kommunen.  Skiltet med informasjon ligg nede, ugras gror godt i blomeurnene, det same med graset mellom elvasteinen – som like gjerne kunne vore tekne vekk så ein fekk slått heile området med maskin, meiner tipsaren.

Om  den gamle brønnen står dette å lesa i ein eldre turguide frå Bergens Tidende:

«Ein kryssar hovudvegen ved gangfeltet og fylgjer «Vodlavegen» forbi bedehuset til ein kjem til kongsbrønnen.

Snorre nemner Fitjar mellom dei storgardane der Harald Hårfagre ofte held seg på sine gamle dagar. Etter Harald var sonen, Håkon en Gode, ofte på Fitjar.

Soga seier at kongsgarden har lege der gamletunet på Fitjargardane var, på vollen like aust for kyrkja. Eit mogeleg minne frå den tida kan vera den gamle brønnen som heilt fram til vår tid har funnest her, og som på folkemunne vert kalla «Kongsbrunnen» eller «Håkonarbrunnen».

Brønnen har plankebotn. Over denne var det eit omfar flatøksa ospestokkar med rullesteinsforingar på toppen. Fire trappesteg førte ned til brønnen, som var i dagleg bruk og i gammal stand, like til Helserådet gav pålegg om betongkum.

Brønnen er no sikra med eit smijensgitter og brønnlokk laga av solid plank.»