Nattrutekaien har fått tilvekst i form av ein ca. 15 meter lang flytekai, og stordront spør hamnesjefen om føremålet. Er det «cruise-kaien» som er komen?
– Eit av bruksområda blir å ta imot cruiseturistar på ein trygg og god når dei kjem til lands med tenderbåtane. Men det skjer jo ikkje så ofte, to gonger i år etter programmet. Så flytaren blir å bruka til vanleg kai for Leirvik for alt han er verd. Fritidsbåtar og arbeidsbåtar, såkalla «femten-metringar», har bruksrett og kaien har ope tilgjenge, opplyser hamnesjef Inge Espenes.
To store cruise-skip har meldt Leirvik-besøk i sommar, 2. juni og 28. august.