– Går sakta an å trø over, men…

Herja av vind og vêr  – her er det trong for reparasjon av både gruslag og duk. ( Foto: Tipsar)

– For ein som likar å leggja friske turar til Stordfjellet, er det sjølvsagt ingen problem å trø over ruglete duk som manglar grus, men det hadde vore så mykje finare å sjå til om nytt gruslag hadde kome på plass, seier fjellvandraren til Stordront.no.

Grusmangelen vedkomande siktar til er å sjå som eit sår i stien frå Kattnakkevegen bort mot starten på Sherpatrappa. Ser ut for at ver og vind har fått herja med duk og grusdekke ei stund. – Vonleg let det seg ordna rimeleg greitt, trur trugåaren – som også har eit hjartesukk når det gjeld den oljegrusa vegen oppover mot Heio.

– Vegen er ikkje breiare enn at to mindre hol i vegbanen (inn mot Stovegolvfjellet i området Kyvikseter) er akkurat store nok til at dekka treff nedi. Takksam for ifyll, før dei utviklar seg til større irriterande slaghol.