Stord Ap ber om straks-svar på skule- og investeringsspørsmål

Litlabø skule vert lagt ned frå komande haust. (Foto: Steinar Hystad)

Før kommunestyret gjer skal behandla skulstruktur-saka i møtet 30. mai, ber  arbeiderpartiet om svar på ei rekkje spørsmål.

Her er brevet partiet har sendt ordførar Framnes::

Stord Arbeidarparti har følgjande spørsmål til kommunestyremøtet 30.05.24. Då svar på desse er viktig for å opplysa PS 37/24 om plan for ny skulestruktur, vonar me at me kan få tilsendt svara i forkant av møtet.

Vedr. ny storskule i sentrum

I fleirtalsvedtaket til Utval for oppvekst og kultur (OKU) vert det lagt opp til å byggja ein ny storskule i plassen for Langeland og Leirvik skule med kapasitet på inntil 700 elevar (alternativ 3B). Etter det me kan forstå, vil dette utgjera ei investering på omkring 6-700 mnok (ca 12-14000 kvm x 50 000 kr/kvm). I tillegg kjem kostnad med ny fleirbrukshall på omkring 115,5 mnok (tal frå utgreiing av ny rackethall). Med renter og avdrag på totalt 7 % vil dette gje årlege kapitalkostnader på ca 50-57 mnok. Samanlikna med 0-alternativet (vidareføring av dagens struktur inkl. investering på Langeland og Leirvik skule) gir dette ein årleg ekstrakostnad på 26,5 til 33,5 mnok. I tillegg kjem ekstra kostnader til uteområde, skuleskyss, trafikksikring, m.v.

1. Har ordføraren tal som tilseier at reknestykket vert vesentleg annleis enn dette?

2. Kva konsekvensar vil ein slik ekstrakostnad ha for moglegheita for å byggja ny sjukeheimsavdeling på Knutsaåsen, som hittil har vore det høgast prioriterte investeringsprosjektet til kommunen? Vedr. ny hall som erstatning for rackethallen I fleirtalsvedtaket frå OKU vert det lagt opp til at det i tilknyting til ny storskule skal byggjast ny fleirbrukshall som skal erstatta dagens rackethall.

3. Dette vil vera i strid med arealanalysen til Stord IL som kommunestyret tidlegare har slutta seg til som ein visjon for vidare utvikling av sentralidrettsanlegget vårt på Vikahaugane. Har Stord IL og Stord idrettsråd vore involvert i denne beslutninga?

4. I dag leiger Stord vidaregåande skule Rackethallen frå kl 08 til 15 måndag til fredag gjennom skuleåret. Ser ordføraren for seg at ein vil seia opp leigeavtalen med fylkeskommunen? Kva vil i så fall den årlege kostnaden med dette vera?

5. Korleis ser ordføraren for seg at Stord vgs vil kunna få gjennomført si kroppsøvingsundervising utan Rackethallen?

Vedr. nedlegging av Litlabø skule hausten 2024

Fleirtalsvedtaket i OKU legg opp til at kommunestyret 30.05.24 skal vedta nedlegging av Litlabø skule frå hausten 2024.

6. Fleire av høyringsuttalane stiller spørsmål ved lovlegheita av vedtaket mellom anna på grunn av mangelfull vurdering av borna sitt beste. Er ordføraren trygg på at eit nedleggingsvedtak vil stå seg i ein eventuell lovlegkontroll?

Vedr. auka kostnader i oppvekstsektoren

Ifølgje planprogrammet er bakgrunnen for vurdering av skulestruktur eit behov for å spara pengar i ein særs krevjande økonomisk situasjon for kommunen. Til Bladet Sunnhordland 14.05.24 uttala ordføraren at saka først og fremst handlar om å overføra ressursar frå oppvekstsektoren til eldreomsorg.

7. Kva tenkjer ordføraren om at fleirtalet han sjølv er ein del av, no legg opp til å auka kostnadene innan oppvekstsektoren monaleg og slik setja bygging og drift av nye sjukeheimsplassar i fare?

Gaute S Epland, på vegner av Stord Arbeidarparti