«Rusletur» på Langeland

Grunnmuren etter  gamle Langeland skule er framleis godt synleg ved Langelandsbanen  (Foto: Mari Stenberg)

Sogelaget inviterer til ny rusletur. Tysdag 28. mai kl 17.30  møtest interesserte på parkeringsplassen framom Langeland skule.  Etter velkomst  ruslar me bortom tunet til Tor og Addy Langeland.  Derfrå vidare til ruinane etter gamleskulen på Langeland. Steinar og grunnmurar syner tydleg kor den skulen ein gong sto. Strid, då som no, gjorde at den vart flytta. Vigdis D.D. vil fortelja. Vidare skal me rusla ned til ein beredskapskjellar. Før mest for poteter og anna reservemat, no kanskje meir ein bustad for tussar og skrømt. 

Så tek me snarvegen opp til tunet til Marit og Andreas Hjartåker. Her vil me på få høyra gards- og driftssoga, om hus i rikt monn, hendingar og kanskje ein anekdote eller to, slik det høver seg på ein rusletur. Garden, vid som har er, hadde rettar også utanom gardsgrensa. Med demning ved utløpet frå Skiphaugsvatnet vart vatnet nytta nedover grannegarden Eldøy, der det var både kvern og sag. Og av alle ting har dei dynamitthus innom gardsgrensene. Og for nokre tiår sidan hadde dei til og med flyplassplanar.

Familiesoga på Langeland har Åsta L. kontroll på. Ho kan fleire slektsledd på rams. Ho slektar ikkje frå Langeland utan grunn. Og det vil garantert bli innslag frå dei deltakande ruslarane. 

Som vanleg vert turen avrunda med lett servering og oppsummering på Langelandstunet.

Velkomne !

Stord Sogelag.