Tysdag 28. mai klokka 11.00 kjem Harald Sætre til Bømlo kulturhus med forelesinga: «Konkurransefart og samferdsel på fjordane i Sunnhordland i gamle dagar.»
Harald Sætre er fødd og oppvaksen i Uskedalen. Etter 42 år som tilsett i DnB, er han no pensjonist og oppteken med hobbyen sin, lokalrutebåtane, i hovudsak tilhøyrande HSD. Han var med på å stifta Veteranskipslaget Fjordabåten der han i fleire periodar har vore styreleiar. Han var og med på kjøpet og restaureringa av MS Stord og MS Granvin, og har også vore matros på desse. Han har skrive fem bøker om rutebåtar og ferjer, mellom anna «Eit skip heitte Stord», «Fram og tilbake over fjorden» og «61 veteranbåtar på Vestlandet.»
Foredraget vil i hovudsak omhandla lokale reiarlag og rutebåtar i Hardanger og Sunnhordland, med hovudvekt på HSD, men også litt om konkurransefarten på kysten her.
Vel møtt i kulturhuset på tysdag til ein fest- og mimredag for alle oss som har opplevd denne tida og desse båtane.