Tidlegare i vår tipsa Huglo Bygdelag kommunalt vegmynde i Stord, om at ingen av 12 tilførslevegar på øya aust i Nuen har namneskilt. Tipset gjekk vidare ut på at mangel på slikte skilt, har ført til feilnavigering frå gjester til Huglo. Eit problem kommunen no vil hjelpa til å fjerna.
I svaret frå leiar av eininga for Drift, veg og grønt, Anne Randi Naurstad, heiter det:
«Veg avdelinga har lagt vegnamnskiltinga inn på arbeidslista. Det er krav i skiltforskrifta At vegnamnskilt må sendast på høyring, før kommunen fattar vedtak. Det vil bli utført skilting så for me får kapasitet.»