Tysdag kveld vart Bakeriet Frugård sitt Revytelt sette opp på sin faste plass på Leirvik Torg. «Fitjarrevyen goes Vikjo» er første på teltscenen, det skjer med framsyningar fredag 31. mai og laurdag1. juni. Sidan går det slag i slag kvar helg fram til og med 6. juli. Her finn du heile programmet med omtalar.
– Med 2500 billettar selde hittil, lovar det godt for teltsommaren, seier eventsansvarleg på Bakeriet Frugård, Roald Kaldestad, til Stordront.no.