Grunneigar i Nordbygdo har vendt seg til kommunen med oppmoding om hjelpt tilå fjerna pøbelplanta parkslirekne, som har spreidd seg frå kommunal grunn og inne på vedkomande sin eigedom. Grunneigaren ber i første omgang kommunen ta affære, men seier seg viljug tilå fjerna vekstane mot kompensasjon for økonomiske utlegg.
Svaret frå einingsleiar Arne Bjelland i tekniske tenester er slik:
«Kommunen viser til at Statsforvaltaren i Vestland har ei tiltaksliste for målretta tiltak mot framande og skadelege artar. For Parkslirekne er tilrådd tiltak å hindre spreiing. Statsforvaltaren prioriterer ikkje nedkjemping av denne planta, då tiltak er kostbare og usikre (med stor fare for gjenoppblomstring). Framande artar | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no) Tiltak for å fjerne planta vil krevje store ressursar. Kommunen har ikkje bemanning eller budsjett til å bekjempa Parkslirekne. Kommunen held seg til Statsforvaltaren sine krav og tilrådingar når det gjeld Parkslirekne. Gjennomføring av tiltak for å bekjempe Parkslirekne er soleis ikkje eit prioritert tiltak i kommunen pr. i dag. Kommunen har stor fokus på å hindra spreiing av arten med plantedelar og jordmassar. Det må soleis ikkje gravast i det aktuelle område då nye lokalitetar oppstår m.a. ved flytting av jordmassar og dumping av hageavfall.»