Nei, så enkelt som å skru ned eit tilvisingsskilt er det ikkje, og det bør det vel heller ikkje vera. Kvart skilt opp, eller ned, krev si behandling og manntalsføring. Stordront.no har for lengst påpeikt at det skiltet langs Vikabrekko som peikar mot Grand hotell, i røynda losar folk til Stord folkehøgskule. Det har det gjort sidan hausten 2021.
Vestland fylkeskommune er eigar av Fv. 544 gjennom Leirvik og er blitt gjort merksam på feilinformasjonen. I brevs form blir det derfrå informert om tilråding for å ta ned skiltet. Men først må tiltaket få si endelege godkjenning hjå øvste skiltstyresmakt – Statens Vegvesen.
PS: Fram til nytt semester startar i haust opnar folkehøgskulen dørene som sommarhotell.