Medaljemagisk stund

Magisk medaljeutdeling i «Nyehallen»  2. pinsedag føremiddag. (Foto: Steinar Hystad)

Fullsett på tribunane og eit par tusen ungdomar med ny medalje kring halsen fyller «nyehallen» på Vikahaugane. Tunge bassriff dunkar og Runar Øvrebø manar til allsong og heftige hopp.

Medaljeseremonien på siste dag av handballfesten er alltid rørande flott å få med seg. Ikkje noko unnatak  i den 35. versjonen – i år med nytt namn og ny hovudsponsor: Rema1000 Handballfestivalen. Ei samling av  2500  tilreisande gjester og fleire hundre som spelte ball på heimeøya under steikande sol frå skyfri himmel tre dagar – mest til ende. Ein dugnadsjobb gjennom 3500 timar – som det står respekt av langt utom kommunegrensene.

I takt med ny tider og nye former for informasjon kan festivalen tilby ny app. Søk opp Handballfestivalen.

Livlege festivaldager på Vikahaugen for 35. gong. (Foto: Steinar Hystad)
Her sikrar Stord gutar 2015 seg fotominnet frå Rema 1000 Handballfestivalen 2024. (Foto: Steinar Hystad)