I søken etter høvande fødestad for neste generasjon har eit tjeldpar satsa med reir på toppen av ein kaipåle i Sunnhordlandsbassenget. Der er to egg lagt på eit lett lag av tilført bark – og der skal ho og han hjelpast åt å ruga fram to nye tjeldar. Ein jobb som er rekna til å ta mellom 24 og 27 dagar. Kan verka som eit sjansespel,- som kan krevja varme lukkeønske på vegen.
Tjeldar i strandsona er eit godt vårteikn lags kysten vår. Nasjonal fugl på Færøyane, der dei har festdag når han kjem oppover frå vinteropphaldet i «syden» ein dag i mars.