I fjor var det kaldt syttande om ettermiddagen, i år herleg varmt med ein tidvis svalande bris – og det er med fullt belegg ein kan påstå at stordabuen kjende si besøktstid. På Leirvik krydde det av godtfolk i bunad og andre stasklede og det var naturlegvis mange smilefjes i sjå. Ros skal sendast IL Solid og Trott som frå sin bydelar hadde mønstra solide kontigentar til Borgartoget, der Stord IL sine mange grupper var lengste innslaget. I år baud toget på danseinnslag, musikk og akrobatikk og eksotisk dans, pluss fleire hundre russ. Stord har så visst eit yrande kulturliv.
Mange følgde toget til Parken der det var tradisjonelt program med song frå Leirvik Mannskor og marsj frå Stord Musikklag. Kommunedirektør Tommy Johansen var dagens hovudtalar.