Gardane på Øvre Økland og Vatna, har til felles å ha fleire hundre år aktiv soge å fortelja. I tuna står gamle bygg som er tekne godt i vare, og restaureringsarbeid er på gang. På eine bruket, på Øvre Økland blir det satsa på ny drift og der står også nyaste tilvekst av driftsbygningar i kommunen.
Dette er berre litt av lokalkunnskapen som vart servert på første rusleturen i regi av Stord Sogelag denne våren, like før solnedgangstid tysdag. Gunnar Strand var vegvisar og informant om eigartilhøve og slektslekkar på gardane, bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde tok føre seg stilartar og særmerkje på dei eldste bygga langs ruta. Noverande eigarar gav utfyllande informasjon om velstelte tun og slekters gange. Og om det å bu på Økland og Vatna og gå på skulen på Stuva…
Turen vart avslutta med oppsummering, kaffi og kringla.
Neste rusletur med sogelaget blir på Langeland tysdag 28. mai. Det er berre å kryssa av i almanakken.