For om lag ein månad sidan vart tredelen av ferjekaien på Nordhuglo reinska for sitjemøblar, bord og blomekassar – utan særleg varsel til huglarane og andre brukarar kaien. Låge kantsteinar vart sett rundt trekaien som ei sperring, men ingen varsling om «fare på ferde». Huglo bygdelag tok straks affære for å få på det reine kva som var på ferde. Brev vart sendt Vestland fylkeskommune med diverse spørsmål og sterk oppmoding til fylket om å «fylla i holet» slik at kaiområdet kan få sårt tiltrengde parkerings- og oppstillingsplassar.
Tysdag 14.mai var entreprenør igjen på Nordhuglo, denne gong for å setja opp halvhøgt «byggeplassgjerde» – med klar melding til brukarane om at no er tredelen av ferjekaien formelt stengt for all bruk.
– Dette vert gjort etter at me oppdaga skadar i bærande søyler og «gynging» i dekket, skriv fylkes i svarbrevet til bygdelaget. Der det vidare blir opplyst:
– Me har ikkje avsett midlar til å gjera noko med tredekket eller søylene i denne omgang, og jobbar første og frems med å lande på ei løysing før me gjer noko meir. Me takkar for innspel om å fylla ut med steinmassar der tilleggskaien står og tek med dette vidare i prosessen. Me kjem til å halda dykk og kommunen orientert om prosessen vidare.