Der statsforvaltaren i Vestland har sendt ut oppmoding til hageeigarar om å fjerna pøbelplanter frå eigne bed og plener, tipsar lesar av Stordront.no om at grøne «pøblar» har fått rotfeste på kommunal grunn på Skotaberg. Tipsaren viser til den relativt nyetablerte gangvegen i langs Sandbrekka ned mot Sponavikjo, der det ser ut for at parkslirekna har funne seg ny grobotn. Pøbelplanter heng seg gjerne med på lasset når jord vert flytta, opplyser fagfolket.