Til møtet i Utval for byutvikling torsdag denne veka, ligg føre lista over saker som har vore til behandling på delegasjonsfullmakt på kontora til regulering, byggesak og oppmåling (RBO) i april månad. Der finn me mellom andre, eit ja-svar til hamnestellet sin søknad om å leggja ut ny flytebrygge ved Nattrutekaien, som skal ta i mot tender-båtane som fraktar cruiseturistar trygt til kai – medan cruisaren ventar på Vikaflé.
Andre søknaden som fekk godkjenning:
– Løyve til tiltak, mellombels kontor- og bustadrigg i Tømmervik
– Tilbygg testsenter, Meatjørnsvegen
– Løyve til tiltak, forstøtningsmur, Døso
– Løyve til tiltak, einebustad i Tysemarkjo
– Løyve til tiltak, to mellombelse bustadbrakker, Eldøyane
– Løyve til tiltak, mellombels, ballbinge, Kjøtteinsvegen
– Løyve til endring, driftsbygning, Vatnadalsvegen
– Rammeløyve, Nytt vassanlegg Storavatnet, oppgradering av VA-anlegg, køyreveg og ny busslomme, Sagvåg.
– Løyve til igangsetting, hotellbygg, Fengselet, Jens Hystadveg
– Løyve til motorfedsle i utmark og vassdraga, Krokatjørna