Nyfikne ut på den grøne beiteeng

Litt hopp og sprett – men helst sømeleg kuslepp på Nordhuglo laurdag. (Foto: Steinar Hystad)

Litt hopp og sprett i flokken, men elles tok dei det med gledeleg fatning, dei rundt 40 kyrne som var deltakarar i årets  kuslepp på garden til Øystein Huglen på Nordhuglo laurdag. Etter lagleg ver og god tørke i bakken siste dagane, kunne kyrne i år sleppast på beite ei veke før «normalen».  Nokre av mjølkeleverandørane nytta høvet til ei kvikk jogg på den inngjerda beite, andre lunta roleg og nytte den friske vårlufta etter å har vore innomhus sidan september. I fjøset er det «lausdrift» og robot som mjølkar – og slik sett er det godt høve til å røra på seg for firfotarane gjennom vinteren også.

Det var noko heftigare på kusleppa den gong kyrne stod på fast plass, då vart det nokre skikkeleg friske fråspark når  dørene vart opna til grønt gras i mai, fortalde  Øystein Huglen til Stordront.no.