Sogelaget startar rusletursesongen

Gamal uteløe som har stått i svingen ved brua på Vatna i «alle år». (Foto: Steinar Hystad)

Tysdag 14. mai kl. 17:30 startar Stord sogelag årets rusletursesong  med ein tur på Vatna og Øvre Økland.  Oppmøte vert på parkeringsplassen øvst på Vatna klokka 17:30. Gardane på Vatna og Øvre Økland har sjeldan mykje interessant å by på. Desse smakebetane vitnar om det:

Fyrst ruslar me oppover til tunet på bruk nr. 1 på Øvre Økland.  Her vil eigarar,  noverande og førre fortelja frå ei rik soge. Historiske fakta, slekt, driftsmåtar, bygningar, hendingar og anna vil bli fortalt, for det meste av Anders P.

Nedover gardsvegen vil me få vita meir om dei andre bruka og bygningane der.  Mange hus er gamle, nokre svært gamle, men godt restaurerte. Kunnige Bjørn Arve vil ausa frå sin kunnskap. Like nedom gardsskiljet ligg Grustaket. Det vil få sin omtale.  Veit me kor mykje av grusen vart nytta? Ei spesiell soge! Vidare nedover passerer me Silje sitt nye Kattnakk1-slott. Uthuset i svingen nedanfor. Kva vart det nytta til? Steinkvelvingsbrua får sin velfortente omtale.  Det same gjeld Vatnaelva sin påverknad og bruk. Kanskje står det ein hjort i skogkanten medan me ruslar forbi. Vatna-karane som bygde kraftverk for over hundre år sidan får omtale. Vegen, inntaksdammen, røyrgata og demninga ved Ravatnet. Om alt dette,  og meire til,   vert det brei omtale.

På dei flotte og velstelte bruka på Vatna blir det fleire stopp, med beretningar om slekt, soger, hus og lagnader av ymse slag.  

Avslutninga vert på tunet hos Vigdis V., bruk nr 1 med drøs, mimring og kanskje ei skrøne eller to. F. eks. om «den sorte dame».

Me rettar stor takk til Gunnar Strand.  Han har komponert denne rusleturen med stor iver. Velkomne alle med sans for soga.