Saknar Natteravnane på Lerivik

– Me er inne i ei årstid/ ein månad (mai) der mange unge er ute på kveld- og nattetid i festleg lag. Eg hadde sjølv gleda av å vera Natteravn mellom anna natt til 1.mai og natt til 17.mai i fjor, og opplevde at ungdommar kom og takka oss for at me var tilstades. Ungdommane gir uttrykk for at dei opplever det trygt og godt at Natteravnane er tilstades.

Dette skriv kommunestyremedlem og mor Nancy Johanne Aasheim (Sp) i brev til ordførar Sigbjørn Framnes. Der fortel ho vidare:

– Då eg nyleg tok kontakt med tidlegare koordinator for ordninga i Stord fekk eg opplyst at ordninga no i praksis ikkje er i drift då ingen lenger koordinerer arbeidet. Natteravnene skriv på sin nettstad:

  • Natteravning handlar om å vera tilstades for barn og unge når dei ferdast ute på kveld- og nattestid, ta ansvar og visa medmenneskeleg omsorg. Når vaksne er tilstades der ungdommane ferdast verkar det førebyggjande og dempande på uønska hendingar
  • Natteravning er tufta på frivillig innsats frå vaksne som er villige til å gi litt av si tid for å gjera ein sosial innsats for sitt lokalmiljø
  • Natteravnane har og eit godt samarbeid med politiet på kveldane/nettene, utan å vera noko form for «reservepoliti».

Som mor og som lokalpolitikar meiner eg det er viktig å oppretthalde ei slik ordning, og ber difor om at ein finn ei løysing for å leggje til rette for natteravning allereie no i mai.