Rydd vekk pøbelplantar i vårhagen

Gyvel er ein vakker, gul busk som har spreidd seg i større delar av landet. Den er vurdert til å ha store negative konsekvensar. Den tilhøyrer erteblomstfamilien og har evne til å fiksere nitrogen, noko som bidreg til å endre jordsmonnet der den spreier seg. Lupiner har same evne, noko som fører til større fare for økosystemendringa. Desse buskene er å finne på Grov. (Foto: Steinar Hystad)

Våren er ei fin tid å rydde i hagen før vekstane vaknar til live. Har du plantar som risikerer å spreie seg, har du også ansvar for å halde dei innanfor gjerdet. Framande artar på vidvanke er ei stor utfordring for naturmangfaldet verda over, og vi treng di hjelp for å spreie kunnskap om desse.

Les heile saka på Statsforvaltaren i Vestland sine heimesider.